主页 画廊 音频/视频 蜡烛 哀悼 纪念 生活故事 编辑页 悲伤支持
最新的蜡烛
 
家谱纪念册
635746 创建纪念馆
Bookmark and Share

 

button
 
纪念
Håvard
 
Off detta e så jævla urettferdi at eg vett kje ka eg ska sei elle gjer..
Først Ingvald, så deg bare litt øver et år etterpå..
Koffer måtte de skje?
Gla eg har bilder og minner av deg kompis.. De e alt eg har igjen..
Men ingenting kan jo erstatta deg:( Huske endo fra me va små, før me begynte skulen trur eg. kje heilt sikker, når du hadde bursdag åsså fekk du knallgever med plastikpiler på.. Då va de ingen så kunne ta oss:P hehe.. De e som om de va i går.. Alle turane våres.. Når meg å deg tok bussen te oslo for å fera på norwaycup:) me kom te oslo å visste kje kor me befant oss. hehe.. men me litt kart og litt spørring rundtom fant me nå fram te hotelle ja.. Du kjøpte ein kartong me røyk før me reiste.. me gjekk å røykte å såg nåken damer på oss kasta me røyken halvferdig:P då trur di sikkert me e full i penger sadu:P hehe.. me hadde jo så masse allikavel.. Båt te jørpeland og huska eg me tok.. de va kjekt..:) sov i et lite dokkehus omtrent sjå Maylen.. Å ikkje minst første gang me reiste te rudskogen.. Me fekk sitta på me sondre og mona sio eg klarte mista lappen:P De må vera di kjekkaste turane eg har hatt nåken gong.. Åsså lot du meg kjøra denna nydelige cossien din nesten heila tio nr me va på rudskogen i år.. Eg va så kry øve at du lot meg kjøra:P Du har allti vore så go å snill du.. hehe.. kom på ein ting.. når me gjekk i sauda på transport.. så kjeda me oss ein kveld, endte me at me rulla deg inn i dopapir som ein mumie for så å hiva dopapir rundtom i heile gangen og ner trappene:P haha.. eg angra på eg kje fortsatte der.. Hadde eg visst om detta sku eg brukt så masse ti på å ver me deg.. Sjøl om eg har fått veldi masse ville eg hatt meir.. Blei aldri nok me deg..
Du komme allti te å ver min aller aller beste venn Ørjan.. Savne deg og tenke på deg kvar einaste dag.. Glede meg te den dagen eg får sjå deg igjen:) snakkes
Svein Roald Grødeland og Glenn Skålevik
 
Var ett kjempe hallår i sauda på transportkurse med deg til stede *kondulere* 
Pappa å mamma
 

Ørjan, guten vår – så glad i livet – så levde i nuet.

Å, så stolte me va av deg.

Du som va den rause – som gav av deg sjøl,

Som hadde dei hardaste klemmane,

dei raskaste smila,

og den sterkaste viljen.

Du vil alltid – alltid væra i våre hjerter.

Den sola som står opp, vil alltid vere deg for oss Ørjan

Mamma
 

Kjære, kjære Ørjan, guten min, å så gla eg e i deg. Har aldri vore så mange dagar uten å høyre stemma di på 19 år. Du va så ner, viss du ikkje va heime så ringte du, elle eg ringte te deg. Så godt de va, eg måtte berre kjenne at du va der vet du. Kjente at me følte det begge to.

Du va din eigen verdensmester du Ørjan, i ditt liv, hadde sånn tru på alt – eg tenkte når du va liten at kati ska du forstå – å så va det eg så etterkvart forsto at det går an, du va det heile tida du Ørjan.

Å så masse du har lert meg, om livet, om det å være nåke for kvarandre, om det å ta vare på kvarandre – å forstå ulikheter – å søke, og være nysgjerrige på dei rundt deg.

Alt me har hatt - eg å du – dei raske smila dine – det var bare du å eg så visste ka dei betydde, å samtalane våre – samla på dei, og tok dei fram når du ikkje va der, å nå blir det så godt å ha alle dei samtalane som eg har samla på – eg trenge dei vet du Ørjan.

Å Ørjan, nå kan eg ikkje forstå kos eg ska klara å vera den som du har gjort meg te. Men eg har lert så masse av pågangsmotet ditt, det ska eg ta fram, og at me e sjøl hovedpersonen i våre eigne liv – det e me sjøl så bestemme kos me ska ha de – det viste du meg.

De e bare eit par veker sidan du og eg snakka om kor heldige me var som hadde fått jobbane me ønskte oss sånn. Eg kjente sånn på den gode følelsen me delte då – og så va så spesiell for meg å deg. Den gode følelsen – forståelsen, som låg i bonn av alt de me hadde samen.

Eg tenke sånn på i sommar då du kom stormande inn på nauste. Gunn Bente og eg sat der. Å så rike eg følte meg då, det va som heile sola kom inn. Du va sånn i farten – slik du alltid va. Men du måtte sei at du va kommen heim. Gunn Bente og eg snakka masse om dåkke, gutane våre, den kvelden.

Siste helga di Ørjan – du va så glad – hadde nåken dagar fri – så klar. Det strålte av deg, så kom du inn på kjøkkenet te meg, så sa du ” du gjorde ein god jobb du mamma når du fekk meg” Å så me lo då.  :)  Å så måtte mamma sei te deg ” Den du e Ørjan den har du skapt sjøl”

Det kom sånn te meg når dette skjedde at når du har bydd meg opp te dans i ditt liv – då har eg dansa me. Det e godt å tenka på nå.

Når eg sitte her å skrive så føles du så ner Ørjan, eg vil alltid væra der som du e.

Tuuuusen klemmar frå mamma

I`ll Be Missing You
 

Seems like yesterday we used to drive the car

I selected the track, you drived around

So far from home when you drived the truck

Ørjan, they got to know that

Life ain`t  always what it seem to be

Words can`t express what you mean to me

Even though you`re gone, we still a team

Through your memories, We fulfill your dream

In the future, can`t wait to see

If you open up the gates for me

Reminisce some time, the night they took my friend

Try to black it out, but it plays again

When it`s real, feelings hard to conceal

Can`t imagine to hear half your breath

I know you still living your life, after death

Every step I take, every move I make

Every single day, every time I pray

I`ll be missing you

Thinkin of the days, when you went away

What a life to take, what a bond to break

I`ll be missing you

It`s kinda hard with you not around

Know you In heaven smilin down

Watchin us while we pray for you

Every day we pray for you

Til the day we meet again

In my heart is where I`ll keep you friend

Memories give me the strength I need to proceed

Strength I need to believe

My thoughts Ørjan I just can`t define

Wish I could turn back the hands of time

Us and the rest, driving around and having fun

You and me taking tricks

Making drinks, places they receive you on

I still can`t believe you`re gone

Give anything to hear half your breath

I know you still living you`re life, after death

Every step I take, every move I make

Every single day, every time I pray

I`ll be missing you

Thinking of the days, when you went away

What a life to take, what a bond to break

I`ll be missing you

Sombody tell me why

One black morning

When this life is over

I know

I`ll see your face

Every day that passes

Is a day that I get closer

To seeing you again

We miss you Ørjan... and we won`t stop

Couse we can`t stop... that`s right

We miss you Ørjan

And we always will do

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Minneord
 

Minneord fra begravelsen

 

Ørjan blei så brått reven bort i trailerulukka då han var på vei heim til Ølen, den 28. august, berre 19 år gammal.

 

Ørjan er fødd og voks opp her i Ølen. I huset i Osen har han budd heile livet sitt, saman med mamma og pappa og søstrene Mona og Kathrine. Ørjan har alltid vore svært glad i heimen sin, noko som viste seg ved at han ofte ringde heim, uansett om han var på jobb eller ferie.

 

Etter ungdomsskulen gjekk Ørjan eit år på mekanisk linje på Ølen vidaregåande skule, før han tok til på transportlinja i Sauda, og var nå lærling som trailersjåfør hjå Hustvedt og Skeie på andre året.

 

Ørjan har heilt sidan han var liten ønskt å bli trailersjåfør, og han var ikkje store guten då han fekk vere med søskenborna sine på trailertur.

 

Det var typisk for Ørjan at han såg mulighetene og ikkje begrensingane. Dei mål han sette seg arbeidde han målbevisst mot, og tok ansvar, sjølv for det som var eit slit.

Då han i vinter kom heim med trailerlappen, sa han: ”Detta e’ den beste dagen i livet mitt!” Å, så kry han var, så glad, og så stolt.

 

Ørjan var så 100% seg sjølv. Så full av energi som alle rundt han fekk ta del i. Han levde i øyeblikket, - og kjente på kor godt det var å leva. Han sa det, og viste det med heile seg.

 

Som då han for eit par veker sidan var på vei over Valdresflya og opplevde ein fantastisk solnedgang. Då var han på telefon til mamma med ein gong. ”Her sko du vore mamma – det e så fint!”

 

Ørjan har alltid vore energisk og aktiv, og gav seg sjølv stadig nye utfordringar, anten det var med fotballen, på snowboard, vannski, og etter kvart moped og bil. Cosworth’en som han skaffa seg i vår hadde han lenge drøymt om, men han var ikkje den store mekanikaren. Det visste han likevel råd med, for om han eller vennene trong hjelp til bilen så var standarduttrykket: ”Pappa kan sikkert sjå på det.”

 

Dei tre søskena er tette i alder, og har alltid vore sterkt knytte til kvarandre. I ungdomstida har Mona, Ørjan og Kathrine hatt mange felles venner, vore mykje saman, og vist stor forståelse og omsorg for kvarandre.

 

Ørjan likte å køyre eigen stil, han følgde  ikkje straumen. Samtidig var han midt i venneflokken. Han var flink til å lytte, og det gode smilet og latteren var til hjelp for mange venner når livet var vanskeleg og ”butta imot”.

 

På arbeidsplassen blei Ørjan opplevd som arbeidssom, og når Ørjan hadde ansvar kunne ein stole på at jobben blei gjort. Det gode humøret hans og evna til å sjå lyst på livet blei og viktig for arbeidskameratane hans. Det blei mange gode telefonsamtalar mellom Ørjan og andre trailersjåførar.

 

Meldinga om den forferdelege ulukka kom som eit sjokk, og saknet etter Ørjan er så ufatteleg stort for pappa, mamma, Mona, Kathrine, og alle andre som fekk læra Ørjan å kjenne.

 

         ”Ørjan kom inn i våre liv,

         sette sitt fotavtrykk i våre hjerter

         og me blir aldri meir dei same.”

 

Me lyser fred over Ørjan Ljosnes sitt minne.

Ingelin
 

Huske du den gongen me va på vei bort t idrettshallen og du ville så veldi sykla? D va midt på vinteren og sikkert ein cm me is, men du ville at eg sku sitta bakpå når du trødde av gårde. "d går heilt fint. eg love at ikkje ska skje nåke. eg passe på." sa du mens du smilte d fina smilet ditt.

For d va sånn du va. Du passa på dei som va rundt deg og lot ingenting skje med dei.

 

Eg blir så lei meg når eg tenke på at eg issje komme t å sjå deg vinka igjen, sånn som du alltid jor når du kjørte forbi. Alltid smilande og alltid glad.

 

Eg håpe du har det veldig bra der du e og at me alle komme t å møta deg igjen.

Hvil i fred Ørjan. 

Marie
 

Ørjan eg kjeme aldrig te å glemma deg.va så kjekt å sjå når du kom på fatland m d kvita håret så sto i adle kanter, allti me et lurt smil og ein løyen kommenar på lager;) det lyste i auene dine der du kom loffande.du e et blikkfang i deg sjøl du Ørjan! du va og allti å sjå i ølen, kom sigande i cossien din som du va så stolt øve..

Det så har skjedd e heilt grusomt og eg trur ikkje på d endo..

eg e sikker på du har d bra der du e nå, me snakkast nok igjen ein dag!

 

tenke møkje på søstrene dine og foreldrene dine, sende spesielt varme tankar t Monica <3

 

Hvil i fred Ørjan!

 

klem fra Marie

kjartan
 

off... dette e kje kjekt ørjan... tenk å må gå i begravelse te ein som du har kjent

sio du va liten...:(  har ein god del minner om deg... fra fotballen te me starta

å røyka...å på skulen:)

 

eg du å svein...hehe. lurte røyk ifrå gamlingen elle så skrapte me isamen te ein badla, petterøes' 3. det va bankers...hehe... pinade så løye me hadde det på den tio..gjekk då ei heile helg rundt om i ølen å smug røykte... elle når eg, anders å ingvald var i selskap sjå deg, og me skulle smug røyka, å rune sa at han hadde eit plaster elle nåke sånt som kunne visa om me hadde røykt... dei to som ikkje røykte då, det va meg å deg...hehe:)

 

På ungdom skulen og va det både kjekt å løye å ha deg i klassen... komme ikkje te

glømma når du sprang i gym'en med dei store scate skodno dine og du måtte holda shortsen oppe me ei hånd... du var vel ikkje den mest skule motiverte av oss, du skulle berre komma vidare for du skulle bli trailersjåfør... du å han morten. men eg meina å huska at du gjorde det ganske bra på skulen.

 

Det som eg og komme te å forbinda deg me e predator fotball sko, me skru knottar

 

nå i seinare tid snakkte me ikkje så møkje... men eg helste nå på deg her for ein 3-4 veker sio... når du va ute å myste me cossien...

 

eg va i minne stondo di, det var veldigt hardt, både å sjå familien din, monica og alle vennene som hadde møsta deg. mine tankar går til dei. også får du helsa han ingvald... og ikkje finna på for mykje tull der oppe... :)

 

sov godt ørjan, så preikast me seinare...

 

 

 

 

 

Hege
 

Heia.. Har skrevet te deg foer.. men foele eg maa skriva te deg igjen for aa beklaga meg for at eg kje kan komma imaaro..

 

Imaaro e begravelsen din... sorry at eg kje kan komma:( Sko gjerna vert der for aa sagt hade te deg =( =( Men eg har faatt ei lito tutta, saa eg kje kan reisa fra..har ingen te aa passa na imens.. og eg velge aa ikkje ta na med i begravelsen.. fordi det e saa mange som endo kje har sett na.. og det blir feil aa ta henna med paa ein dag som e DIN og som dreie seg om deg... Haape du forstaar ørjan...

 

Men eg e forsatt utrolig lei meg for at eg kje faar vert der..... Vil bare du ska veta at eg komme te aa tenka masse paa deg imaaro.. og at eg e lei meg for at eg kje kan komma.. for eg sko saa gjerna vert der!!!

 

Meg og deg har kje hatt kontakt paa mange aar.. men allikavell saa sko eg saa gjerna vert der og faatt sagt hade te deg..  og foelgt deg te din siste hvileplass...  

 

Uansett saa vett eg at d komme te aa komma maange folk imaaro for aa ta farvel med deg ørjan.. du sko bare visst kor maange som savne deg... naake eg haape du gjer..

 

Off..Sitte forsatt aa lure paa koffer detta skjedde.. samtidig som eg kje kan forstaa at du e vekke:( d e liksom saa uvirkelig.. Eg proeve aa troesta meg med d som di andre har skrevet innpaa her.. at du levde dine 19 aar te det fulla.. du fekk oppfyllt droemmane dine... du hadde 19 fantastiske aar her.. sjoelom du gjerna sko hatt saa maange fler... 

 

Det fins ingen som deg ørjan!! du va ein fantastiske gutt som va umulig aa kje bli glae i!! =)  Du vil bli dyypt savna... det ska du veta!!

 

Tenke masse paa familien din og Monica.. de har mysta godgutten sin.. kan kje eingong forestilla meg koss di har d naa:( 

 

Eg e iallefall sinnsykt takknemlige og heldige for at eg fekk muligheten te aa bli kjent med deg.. Ska ta vare paa minnene.. Komme aldri te aa gloemma deg ørjan.. det love eg deg!!!

 

Off vettkje koss eg ska avslutta her.. vil liksom kje avslutta heller.. =( Har saa moekje eg ville skreve.. men naar eg sitte her.. saa blir eg bare heilt tom... for ingen ord e liksom god nok.. og ingen ord kan gjoer det bedre.. eller faa deg tebake :( Vil saa gjerna ha deg tebake her!! Sko bare oenska alt detta va ein droemm... off.. det e som di seie.. du vett kje ka du har foer du myste d....

 

Haape uansett du har d bra der du e naa.. kor enn det e.. Og at du kje e aleina, men har funne Ingvald!! Du sprer nok glede med det goa smilet ditt, der du e komt te naa... =)  det e eg sikker paa!! Haape du og Ingvald finne paa masse faenskap der daake e naa hehe:P

Takk for alle goe minnene du har gitt meg, ørjan..!! Kos deg, der du e naa! saa ska me nok treffas igjen!! Gleda meg te aa se smilet ditt igjen!!  

 

aa husk ... imaaro .. eg ska tenka masse paa deg!!

Glae i deg ørjangutten=)

Me snakkes vettu!!!

 

Klem Hege

Jento di
 

Savne deg sånn gutten min. Eg har så masse fine bilder av oss og deg aleine. E så gla for eg har dei. Vet ikkje ka eg skal gjera lenger. Sitte fast inni eit svart rom. Sjå alt det goda folk skrive om deg, de e så godt. Vet du e her me meg og passe på meg. Vet eg har skreve til deg før men må bare skrive meir. Meg og deg har jo hatt så utrolig masse i lag.

Når me reiste på hytte tur til Bømlo, bada og drakk ein heila gjeng. Du, eg, malene og kristian var dei 4 siste på hytto, de andre holdt ikkje ut:p Me lagde lasange og koste oss veldig. Du blei jo veldig dorlig ut på natta, spydde i alle 3 vaskane så var på hytto, kunne jo ikkje velga toalette som sto rett på siden av nei hehe. Me heldte ei sjampo flaske oppi boblebade der og de var skomm over alt:p

I syden på bursdag din, satt me å koste oss veldig, så sa eg til kelneren at du var 19år i dag, han sa han kom me ein overaskelse. Å me fekk dei isane. Såg bare kos du gliste:) Når kelneren tok bilde av oss så fekk du ikkje øynene vekk frå isen ein gang:p Etter på gjekk me å handla og du fekk bursdags presang av meg, så tok me hest og kjerre heim igjen etterpå. De var veldig romantisk og komme på hotelle baki derJ

Eg var jo me deg til stavanger på trailer tur to ganger og til trondheim. Knut Inge har låvt meg at meg og han skal kjøre den samme ruto meg og deg kjørte til trondheim. Eg har likte så godt å bli me deg på tur, du viste eg elska det du:p Følte meg så trygg og fekk me meg så masse når me var å kjørte ein sånn store bil.

Passa altid på meg du gutten min. Følte meg alltid på do om kveldane i syden. Tok ikkje sjansen på at eg sko gå aleine du.

Huska eg ringte te deg når eg var i thailand og gratulerte deg me trailer lappen. Eg var så stolt over deg heile tida. du fekk alltid til de du ville du. Du var så snille gutt og når eg var me deg var eg så stolt av at eg var me ein så fin og kjekke gutt.

Me og deg hadde det veldig kjekkt i sammen, når du brukte baby språke og snakkte te meg så fekk du meg alltid til å le, uansett kor sur eller lei meg eg var. Du viste alltid ka du skulle gjera for å få meg til å le:) Kan ikkje tru du er godt vekk frå meg gulle. Savne deg så masse. På over desse 3år me har vore i lag av og på har eg aldri slutta å elska deg, kos skal eg klare de nå? Det går bare ikkje ann. Frå første gang eg sa til deg eg elska deg tok du hjarta mitt og eg har aldri fått de tilbake av deg. Nå har du tatt de me deg der du er nå. De gjer meg ingen ting, vil du skal ha de. Har alltid vore ditt de frå den dagen eg møte deg. Savne deg gulle. Kan ikkje huska ein gang at eg ikkje har snakkt me deg på så mange dager siden første gang me blei i lag. Desse dagane har godt så seint. Vet ikkje kos eg skal få såva når eg komme til bake til byn, uten den gode stemmen din før eg sovne.

Du har så gode familie, dei har tatt meg me på så masse, og til og med tatt seg tid til å ta vare på meg sjølv om dei har det veldig vont dei og. Eg e så utrolig gla i dei. De viste du og. Var me på noe jula middag sjå foreldrene til signe i sandei. Var utrolig koselig. Me gjekk til skogs og fant julatre og åt grøt når vi kom ned igjen. Noen i sekto di sa til deg at du måte lika søstro di så godt, for eg og hu var så like. Heh:p Du e den beste gutten eg har kjent.

Mamma og pappa var aldri red for meg når eg var me deg. Når me snakkte om å reise til syden, hjelpte pappa oss me ein gong. Trur du viste kor masse du betydde for meg, kunne nesten aldri sei nei til deg. Ringt nesten kvar gong du var på vei heim frå tur og spørte om eg kunne laga pizza til du kom heim. Var ikkje ofta eg sa nei. Du fekk meg alltid til å smila og le. Hadde alltid ein bra kommentar på si liksom. Tenk at de einaste måten eg kan snakke te deg nå er uti luffto. Heilt ubeskrivelig. Vil ikkje forstå dette. Føle meg heilt tom, ingenting så holde meg oppe lenger. Eg elske deg så høgt, de einaste så får meg til å smila nå er alt de goda meg å deg har gjort. E så takknemlig for siste samtalen me hadde på tirsdag kveld, den betyr så sinsykt masse for meg. Elske deg gutten min, eller gulle mitt så eg kalte deg og. Eg tar sekund for sekund framover nå. Har liksom ingenting å sjå fram te. Savne deg gulle, Elske deg så sinsykt høgt. De vet du, å det gjer meg godtJ Såv godt gutten min, må ikkje du og ingvald finna på for masse tull då. Eg e bare ei lita vissen rose nå, men ein dag kjem eg til deg igjen, då skal du sjå eg blomstre då. Elske deg Ørjan. <3<3<3<3<3<3<3<3<3<3

Ida
 

Du va ein så søt, sjarmerande og gla gutt! Detta fortjente du faen kje, mn kem fortjene vel å dø. Det e kje te å tru, det e for tongt å tenka på. Det blir fortrengt, mn du e faktisk vekk. Eg komme aldri te å sjå dg ijen, komme aldri te å sjå dg smila, komme aldri te å sjå dg dansa! Derfor ska eg huska, ska aldri glømma. Det e så trist, det e så uvirkeli å urettferdi at me sko møsta 2 flotte guttar så ungt, så plutseli. Du å Ingvald. Dåkke har jaffal kvarandre nå, ser ner på oss. Det e sånn eg føle det e  :p   at du å Ingvald sitte der oppe,har det fint å ser ner på oss.

savne dåkke begge! det blir kje det samma uten. men istede for å stoppa for dåkke, må me videra med dåkke.

 

 

varme hilsner te alle,monica,familien.

 

 

Kristian Heggebø
 

Til Ørjan sitt minne

 

Ørjan Ljosnes var ein heilt fantastisk person, utan tvil. Eg trur ikkje det finnes eit menneske på jord som var så positiv og glad som han. Ørjan såg aldri problema, berre moglegheitane. Og det var kanskje det som gjorde han til den unike personen me alle blei så glad i.

 

Eg sit igjen med mange, mange minner om Ørjan, og absolutt alle minnene er gode. Me har delt ganske mange kveldar i lag, og dei kveldane er nok mest sannsyneleg dei aller morosamaste eg har hatt til no i livet. Ørjan var ein mester i å få meg og andre til å le, og eg trur me held på å le oss i hjel kvar gang me var i lag.. Min og Ørjan sin humor kunne vera ganske spesiell, og til tider veldig drøy, noko Karoline kan bekrefta, men poenget var at me hadde det morosamt, og det var noko som var viktig for Ørjan.

 

No i det siste var eg ikkje så mykje saman med Ørjan som eg var for nokre år sidan, men eg visste uansett at du no hadde fått det slik du alltid hadde draumt om. Eg veit ikkje kor mange gangar du snakka om kor bra det skulle bli når du ein gang i framtida endeleg vart trailersjåfør. Store planar hadde du om trailerturane eg, og alle andre vennene dine, skulle få vera med på. Og trailersjåfør blei du! Ikkje det at eg nokon gong tvilte på det, for når Ørjan først har bestemd seg for noko, vert det som regel slik! Og det eg kanskje angrar mest av alt på no, er at eg aldri tok meg tid til å bli med deg på ein trailertur.. Eg tenkte alltid med meg sjølv at det ville passa betre ein gang seinare, men slik skulle det altså ikkje bli..

 

At Ørjan skulle gå i frå oss i ein så ung alder er forferdeleg urettferdig, og det er svært vanskeleg å forstå for oss som sit igjen. Det eg trøystar meg med er at Ørjan i alle fall levde livet sitt maksimalt dei 19 åra han fekk her på jorda. Han var utan tvil ein livs-nytar, og han var ein mester i å gje av seg sjølv. Som venn var han eineståande. Ein meir omsorgsfull person må ein leita sinnsjukt lenge etter for å finna! Når nokon hadde det vanskeleg, og trengde nokon å snakka med, var Ørjan den rette personen å gå til. Han var god til å lytta, og ikkje minst var han god til å spreia sitt gode humør, ofte ved hjelp av ein oppløftande kommentar.

 

Noko anna som kjenneteikna Ørjan var, som sagt, at han gav mykje av seg sjølv. Når han var glad for noko, om han hadde fått seg ein ny kjærast eller kva enn det måtte vera, var ikkje han typen til å halda det inni seg. Då fortalde han villig om det, til den eller dei av oss som var saman med han, og på den måten delte han sine gleder med oss alle. Og når han hadde det vanskeleg var han flink til å snakka ut om problema, og for deretter å løysa dei eventuelle problema han måtte ha.

 

Ørjan var ein ærleg person, både på godt og vondt, men aller mest godt.. Han sa det han meinte, og han sa det akkurat slik meinte det, utan å moderera seg. Dette kunne til tider føra til heftige didkusjonar, og nokre gonger til kranglar, men det var aldri snakk om å vera sur over lengre tid på grunn av dei ueinighetane han måtte ha med nokon. Men eg trur at dei som kjende Ørjan satt stor pris på at han var så ærleg som han var. Om du hadde gjort noko dumt, fekk du høyra det, og når du hadde gjort noko godt eller bra fekk du også høyra det.

 

At Ørjan hadde temperament, er noko som alle som kjenner Ørjan veit. Han kunne bli fryktelig sint, men som oftast vart han sint fordi han, eller nokon han kjende, hadde blitt behandla urettferdig, eller fordi nokon haddde gjort noko stygt med ein av vennene til Ørjan. Og me er vel alle einige om at dette er grunnar gode nok til å bli litt hissig for..? Eg meiner hvert fall det. Og Ørjan var aldri lang- sint, for like fort som han kunne bli sint var han tilbake igjen i sitt vanlege gode humør.

 

At Ørjan var eit unikt og fantastisk godt menneske, og at han kjem til å bli djupt sakna, er det ingen som helst tvil om. I disse tunge stunder går tankane mine til alle som kjende Ørjan, og ikkje minst til familien hans. Det er svært vanskeleg å samanlikna eit dødsfall med eit anna, men eg veit av erfaring kor vanskeleg det er å mista nokon ein er glad i. Og eg veit kor tøff den første tida etter eit dødsfall kan vera. Det eg vil fram til er at me som sit igjen må ta godt vare på kvarandre, og prøva å leva så mykje som me kan mens me har sjansen. For er det noko ulukkene med Ingvald og Ørjan har vist oss, er det at livet kan vera over før me veit ordet av det.

 

Eg kjem til å sakna deg, Ørjan, min gode venn.

 

Jento di
 
karoline
 

Hei Ørjan=)elle klompo så du blir får meg då;) offameg så eg savne deg... jere vondt å tenka på at eg kje ska sjå deg ijen her, ingen fleire åvertrøtte kvellar

me deg=( hehe.. off så masse løye me har hatt de ørjan. Du va, så månge

andre har skreve her ein sjikkli humørspredar, å kem kan hålla seg alvårlige

når du hørre latteren din, hehe.. åsså slo du deg allti litt på låre då, årh eg ser

de så får meg åppi håveJ e takknemmlige får alle minnene eg har me deg, vennen! Huske spissiellt gått ein gång eg, du å atle sko gå him frå ein nattcup..

å atle gjek nesten i søvne fårran åss å va så sure får me jekk så seint, men me låg jo nesten mitt i veien å lo, hehe.. va så gale de, å alle gångene me såg film

å eg MÅTTE kitla deg onna foten å ’’jer de sånn gått’’:p åsså sporte du allti ’’har du ostasjeva?’’,likte de, åsså ikkje minst snop.

E så lei meg får de aldri blei nåke av middagen eg du å malene sko laga=(

va så kjekkt sist gång, de har eg film av.

Du va ein sjikkli goe, omsårgsfulle venn, Ørjan. Å du etterlate deg et stort tomrom hos veldi månge,

Tankar te familien å monica!

Håpe du å ingvald hadde ein fine bursdagsfeiring=)

Utruli glae i deg, kåmme aldri te å glømma minnene av deg! Så snakkest me nåkk, ska du sjå.

 

Klem Karoline!

Glenn Tomas
 

Detta sku ikkje skje.. heilt ufatli at du er vekk.. fra eg blei vekt og fortalt at du va borte til eg kom på kontore på sandeid trudde eg det ikkje. Men det va sant.. det satt mange av dine kollegar og venner der inne.. noen grei og andre fikk ikkje fram eit ord. eg va ein av dei som ikkje fikk fram eit ord... tenkte berre på når me vaska bilar i sandeid og snakka om kos fine trailern te Kristian va.. og at me og drømte om og kjøra så fine trailer. den vekå me lasta sammen i sommar va den kjekkaste vekå i heile sommar.. eg gleda meg te og komma på jobb! når me bøyde "stångå" me fult i gris på sto me berre og såg på kvarandre før me begynte og le noe heilt sjuk. polakane kom og lurte på ka som skjede. og då lo du berre endå meir. eg savne den lateren din og det smile ditt.. du komme til og bli dypt sanva! 

 

hvil i frad kompis/kollega

Malin Othilie
 

Kjære godgutten min!

du kan kje bare forsvinna. det gjør så vondt, og eg får så vondt av alle som sitte rundt,det va så ufattelig mange så va glad i deg ørjan..og ei av dei er meg. du og eg va sammen av og på i 2 år, er du klar øve det? å du va allikavel den viktigaste personen i livet mitt i fleire år framøve og..det er det som gjør så vondt ørjan, når eg hørre alle som prate om deg,fortelle om alt det morsomma du har gjort og sånn så du va nå, før du forsvant. det va jo akkurat den samme ørjan eg blei kjent med for år siden. koffer holdt me kje kontakten?eg sku så ønska eg hadde fått sett deg ein siste gong,fått prata med deg ein siste gong, sånn at eg kunne fortalt deg det. fortalt deg at eg er så ufattelig glad i deg ennå, og at eg sku ønska me hadde vært venner. allikavel slo me alltid av noen få ord dei få gongene me traff kvarandre. eg håpe du vett kor stor pris eg satt på deg, vennen. eg går rundt og føle meg så ensom, for alle sorge øve en ørjan de kjente så godt. eg er redd du har glemt meg og oss. prata du noengang om meg? det viktigaste av alt vennen, fikk du noen gang vita at eg blei frisk?eg blei det, er du stolt øve meg kjære?:) eg er frisk, og håpe så inderlig at du fekk vita det, og at du slutta å klandra deg sjøl. du trudde vel kje det, gjorde du vel?:/ Ørjan, du vil alltid ver gutten min du..du va mitt første alt. du vil alltid ver med meg vidare, nettopp fordi me delte så masse, du vil alltid ver den eg sammenligne verden med...huske du 16 mai i 10 klasse?nattå me blei ilag?*smile* det va en levande episode av passions det!!har du novellå eg skreiv om oss fra den kvelden ennå? eg vett du syns den historien va lika koselig å tenka på i ettetid som meg..eg har så mange minner om oss, om deg, sånn at eg vett liksom kje ka eg skal sei ein gong. du fortjene så masse meir enn ord,du hadde fortjent livet du. du fikk oppfylt drømmane dine vennen, de samme drømmane du hadde fra du va liten, de samme drømmane du hadde når me va sammen, du oppfylte de, og eg er så stolt av deg! skal eg fortella deg en ting du kje vett?:) heilt siden me gjekk ut av ungdomsskulen har eg gleda meg så utrulig te me sku ha reunion. grunnen va at eg sku visa alle koss ein fantastisk mann du va blitt, kor bra du hadde klart det, kor fantastisk heldig eg va som hadde fått vært sammen med deg. og sånn i smug, så innbilte eg meg at me sku møtast ette 10 år og finna ut at me va "perfect match" allikavel, og så sku me gifta oss:P men du fant monica, og det gjorde meg så glad, for eg såg kor gla du va i hu. eg ska prøva å ta vare på hu for deg.. eg har så mangen sangar eg forbinde med deg ørjan, sånne skikkelige klisselåtar=) "sorry seems to be the hardest word" fra bilturen inn te deg kvar einaste dag, "vinsjan på kaia", og når me sykla fra huset ditt og bortøve te sjøen. "tore og rune westerlund"-du verkelig elska den cd'en, og så ga du an te meg. det va så mange fine sangar du kunne, og så hadde du den mest fantastiske stemmen eg noen gong har hørt. eg elska det når du sang. den finaste sangen av alle, og som stemme så alt for godt, og gjør så fryktelig vondt å hørra,nettopp fordi du sendte den te meg på dataen, og fordi at du låg på sidå av meg i sengå mi, og sang roligt inn i øyra mitt "I'm allready there" når me utnevnte deg te "Norges ukjente Idol",fordi du va for god te å ver med på konkurransen.hehe, du va heilt fantastisk du:) trur tom og savne deg, heile familien gjør selvfølgelig det. te tross for at du alltid va så sjenert og kje tørte komma ned for å spisa, så eg måtte gå ned aleina å laga ostaskjeva te deg:P men noen gonger va du nede i stuå og kjøkken, og det va særlig når du lekte deg me tom..dåke spelte motorcross på dataen, eller lekesloss. det eg og tom huske aller best er den gongen du sprang rett inni mikroovnen. det va så løye:)*hehe* å så syns du pappa va så skummel:P men det er an kje, og det fant du ut og..han savne deg han og,og han er kje noe tårelaus 'bad-motorsykkel-gangster-mann' som du trudde;D *sitte å smile for meg sjøl* minnene bare strømme på.. må vel bare stoppa. eg kan snakka med deg seinare eg, bare oss to. har forresten tatt på meg smykke eg fekk av deg te bursdagen min eller jul, tok det på med ein gong eg fikk vita det. er det greit?er det greit at eg har det på,trur du?

 

eg vil alltid ver så ubeskrivelig glad i deg Ørjan, og du vil alltid ver det besta som har hent meg. du starta livet mitt,du, på en måte.du ga meg så masse, lærte meg så masse, og du lot meg bli kjent med den fantastiske familien du har. eg fikk til og med velga ut konfirmasjonsbildene dine!eg skal ta vare på de for deg, eg vett du sette de foran alt i heile verden.

 

hilse du te alle kjente?te ingvald, og te oldemorfar,vil du?

du er bare ute på en lang,lang trailertur. du er lykkelig.

 

Vil alltid elska deg gutten min,

"we maybe a thousand miles apart, but i'll be with you wherever you are"

- I'm allready there.

 

Ukjent
 
Savne deg Ørjan, må ikkje du og ingvald finna på alt for masse tull då;) håpe dåkken har det godt....R.I.P. Ørjan
Jan Tore Heggebø
 
Ørjan!
Ufattelig trist det som har skjedd. tenker tilbake på gode samtaler me hadde der det og kom fram drømmen din om å få bli trailersjåfør.du var med meg ei veke på jobb lasta brus i fyresdalen der du var heilt i sjokk da du kunne forsyne deg det du greidde med cola.Me hadde lått og løye.. før neste stopp greidde du å drikka så møkje brus at du sto i traileren for du var så pissetrengt (minst 3.liter gjekk ned.)Du var ein goe; gut Ørjan. hjelpsom snill og et fantastisk humør eg kommer til å sakna deg.
Kvil i fred Ørjan! Varme tankar til familien.

Jan  Tore
david
 
heia ørjan. eg kan kje fatta d så hr sjedd!! e heilt uvirkelikt! d va liksom ikje så lenge sidn eg såg dg. å d e så rart for når eg såg dg då så tenkte eg at eg kåm t å se dg resten av live,at du bare va et t mennseske i hverdagen min. tog d for gitt lixom:( mg å dg har kje vert så goe venner i d sista, mn eg huske tebage på dn tiå mg å dg va me kverandre.. d va nå litt og d:) huska så godt di gangene eg sgo sova hos dg itte me hadde vert ude, så klagde du allti på at eg ville ha sjeva me kvidost å et stort glass melk så lo du bare godt av mg mens du blade ijønnå aviså så låg på bore mn så du aldri fekk me dg innholde i,hehe;) mn du va nå ein livlige kar ørjan! d sga du ha..  får håba du hr d godt dr du e nå, så snakkes me snart!
Morten
 

off eg forsto ikkje de heilt når eg fekk hørra ka så hadde skjed, va liksom ikkje te og tru. snakka me deg ein time elle 2 te dagen når me va på "jul"  va allti den "ja veeeel"  elle "der va`n" når eg ringte:-). hadde alti nåke og snakka om elle nåke og diskutera, va som regel trailer de jekk i og kor hen me va og sko te. 

va  liksom de når me va små og viste  ka trailer me sko kjøra og ka merke så va best, de trur eg me aldri fant ut av heller..

huska de når me fortelte te kvarandre når me hadde  vore på tur og kor me hadde vore henn, du va me jan tore, egil og helge som regel i mens eg va me knut elle nåken andre eg kjente og la ut te kvarandre om  de eina og de andra av de me hadde lert. du  hadde vore me egil og hadde lert deg ka et kolli va for nåke og va så kry for de:)  og de va denna drømen om og ta lappen som me begga hadde i mens du hadde ein te som du klarte og oppfylla, de va cossien du sko ha. den sko ver den strøknaste og den sko ver sånt og sånt, men vist fekk du de:)  når me tok bussen og følte Åsmund te skulen i sauda, alti nåken gledes ord når eg kom trøtt i tryne og som regel  de va iskalt. du va der som regel først elle eg kom siganes på tempoen bak deg når du sykkla me røyken i viko bort mot bussen. me va knoll og tott på skulen så sturla va litt lei av oss av og te hehe så fekk nå du lappen før meg og va så kry når du hadde fåt på bil og hengar og ringte  når du hadde første turen aleina og sa kor du  va på vei te. komme te og savna dei telefonane når me va på kvar vår vei me last.

alt va så flott nå, begge hadde fåt lappen, du hadde fått deg fast ruta og fast bil og kjente egne penger ingne ting konne bli bedre.

komme aldri  te og glømma den siste samtalen me hadde når du va på  vei heim og va i røldal  sko te og svinga ner snart sa du, den samtalen komme te og ver klistra og masse andre minner  som e kjipt me ikkje får meir av :(  du va alti den så såg lyst på  alt  og støtta venner på de besta, va aldri nåke vont i deg.

du jor altid jobben 100% og jor ikkje nåke feil.

men de besta va at du fekk opfylt drømmen din me cossi og kjøra trailer :) 

 

komme te og savna deg veldi masse kompis  håpe du har de gått der du e nå, vil aldri glømma  deg

kvil i fred  Ørjan

beste tanker til familien

Jeanette
 

Heia Ørjan. Detta her va utroligt trist å hørra. sjøl om eg ikje akuratt va ein av dine nermaste så va eg nå gla i deg. Eg fekk ikje vært i ølen så masse den sista tiå di, sist gong eg såg deg va når meg å marita endelig kom oss te ølen igjen. Det va når me va hos Anders.. Der jekk du å smilte å smitta øve me godt humør som alltid:) Huske du satt på den bakerste benken, den så me satt bakom den andre, liksom ute på kjøkkene, så satt du nå der å tulla litt.

Må sei det at detta her kom så ett sjokk å det e veldig vondt å tenka på at du ikje e i ølen neste gong me komme på besøk.  Eg har foressten masse masse bilder av deg fra i fjord sommar å litt andre festar. ska legga de ut så alle kan få se de.

Eg håpe du har det bra der du e nå, å du må veta det at alle savne deg utrolig masse.

Kvil i fred Ørjan..

Klem fra Jeanette

Kathrine.
 

trist å høre det som har skjedd! :( håpe du har det bra der du e nu.

varme tanka til famile, venna, og bekjente. <3 Hvil i fred.

ukjent
 
Hvil i fred Ørjan
Sandra Renathe Ă….
 

Eg klare ikkje å forstå at dette har sjedd enda, de e som ein vond drømm, som ein stor klomp i halsen om at dette ikkje må vere sant. men når eg kløyp meg i armen sjønte eg at dette ikkje lenger var ein drømm. :...(

Eg huske som om de va i går at eg og du jikk til skulen fra vi var små, snakka om mye løye, eg har hat så mye kjekke stunder i lag me deg. og du var alltid glad:) sjøl om de va tidli på måron:) så klarte du alltid å lure fram eit smil, så huske eg me lo godt når me såg pål kom lennger nedi vegen, han vår for de mesta alltid for sein.

 

Huske godt i 1 klasse og når vi skulle holde i hendene til side mannen vår, eg stod forann side dama di, men du ville holde i mi hand :) så kom kristine dommersnes elle om vi hadde ho då hehe. "nei Ørjan de e ikkje den honda du skal holde i".og læraren måtte rive oss fra kvarandre,  og du og eg smilte godt hehe, trur eg rødma ein del og:)

 

og så va de den gangen du skulle spleise meg og even i 5 klasse:) hehe. og eg jore alt for deg, for di eg likte deg, så sa du etter langt om lenge, etter mye mas om eg ikkje kunne bli i lag me even. for DIN skyld :) sefølgeli jore eg de for din skyld:) hehe. sorry even viss du lese dette nå. men de du ikkje viste var jo at de var deg eg ville ha då i den tida. elle for å si de sån halv parten av jentene i klassen likte deg viss de ikkje va meir:)

 

siste gang eg såg deg, var eg me nils jarle på trailer tur, då vi møtte deg på veigen. nils jarle rulla ned vindue og prata så vidt, har de på film:) du såg så stolt ut. deg i den store traileren, og huske tilbake når du om morten krangla om ka merke som var berst av scania og volvo :) dåken blei aldri enige så vidt eg huske.

 

håpe du og ingvald har de bra der oppe. Hvil i fred Ørjan du er djupt savnet! tenker på deg og din famillie.  

回忆总数: 136
页:: 6  « 2 3 4 5 6 »
分享您的回忆
  • Sign in or Register